Kandidat: Ellen Borch Veum, Luster bibliotek

Namn: Ellen Pauline Borch Veum. Alder: 51 år
Stilling: Biblioteksjef i Luster kommune
Sivilstand: Skilt, adoptert dotter 6 år

Hei. No har eg vore i dette yrket i 18 år og Mikromarc har følgt meg heile vegen; Frå Huseby kompetansesenter for synshemmede til Høgskulen i Oslo (ØKS) til Ringerike sjukehus til Hole kommune og til Luster kommune kor eg har vore i elleve år. Vi oppgraderte til MM3 i vår.

Eg er stolt av å jobbe i eit bibliotek som har høgst utlån i fylket Sogn og Fjordane. I 2010 var det 9,6 utlån per innbyggjar! Gjennomsnittet i fylket var 4,7. Bak det høge talet ligg viktige faktorar som at vi har kombinasjonsbibliotek med grunnskule og vidaregåande skule. Vi låner ut mye såkalla ”andre media” og har mye opningstid. Det er høve til sjølvbetjening ved den eine filialen vår når biblioteket ikkje er betjent.

Grunnen til at eg ønskjer å vere med i Folkestyret er at eg ser Styret som ein god kompetansebase samtidig som eg kan vere med å påverke. Mikromarc har jo elles mange finessar som kan gjere arbeidet enklare berre ein får rutine på det.

Det er nær kontakt mellom biblioteka i Sogn og Fjordane og dei fleste som har Mikromarc har no oppgradert til MM3. Om eg kan vere ein ressursperson for fylket, er det hyggeleg. Ser kontakten med dei andre kommunane som veldig viktig for innspel og utspel.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..